• No results found

Funn og diskusjonsdelen er delt i tre underkapittel, der kvar delstudie svarar på kvart sitt forskingsspørsmål.

5.1 DELSTUDIE I – Historiske perspektiv på fartøyvernet

5.1.1 Innleiing

Det frivillige fartøyvernet har gjennomgått ei utvikling når det gjeld målsetjing, argumentasjon og vernepraksis. Samstundes framstår det som innvevd i ei rekk-je andre historiske prosessar og praksisar. Å skape ei forståinga av den konteksten som fartøyvernet i ulike historiske periodar må sjåast i lys av, er difor ganske utfor-drande. Fartøyvernet må sjåast i samanheng med kulturminnevernet og museums-sektoren, og difor også med dei kulturelle og sosiale kreftene som desse spring ut av. Delstudie I skal gje den bakgrunnen og konteksten som gjer det mogleg å forstå den utbreiinga fenomenet har i dag og korleis dei frivillige opplever og verdilegg aktivi-teten sin. Dette tek form av ei undersøking av dei historiske føresetnadene og fram-veksten av det frivillige fartøyvernet. Her var det ein vanskeleg oppgåve å avgrense det studerte fenomenet mot andre fenomen og å velje ut kva andre fenomen som er relevante å inkludere for å forstå den samanhengen det studerte fenomenet inngår i. I den historiske undersøkinga av fartøyvernet i Noreg vert utviklinga i hovudsak sett i lys av kulturminnevernet, som igjen må forståast på bakgrunn av

nasjonsdan-ningsprosessen på 1800-talet. Framveksten av kystkultur-rørsla sist på 1970-talet må også inkluderast i analysen, då dette fenomenet fekk store konsekvensar for den nasjonale identitetskonstruksjonen og for den forteljinga fartøya vart oppfatta som del av.

Tidlegare framstillingar av kulturminnevernet si kulturhistorie er prega av ein stås-tad innan bygningsvernet (t.d. Myklebust, 1981; Lidén, 1991; Christensen, 2011). Dette er ikkje uventa, då bygningsvernet både er den eldste, mest omfangsrike og tettast fag-befolka delen av kulturminnevernet. Men dette gjer det både viktig og naudsynt å sjå utviklinga av feltet frå ein ny ståstad, som i denne avhandlinga er fartøyvernet. Dette er også ein strategi for få fram nye sider og samanhengar ved kulturminnevernet som historisk fenomen. Vekta ligg her på dei verknadene kul-turminnevernet fekk på diskursnivå i samfunnet.

Fartøyvern vert i dag nytta i tydinga vern av operative fartøy på sjø og høyrer inn under Riksantikvaren sitt arbeidsfelt. Å finne opphavet til fartøyvernet som sjølvs-tendig felt innan kulturminnevernet er ikkje utan vidare enkelt, sjølv om skip vart omfatta av vernearbeidet forholdsvis tidleg i kulturminnevernet si historie i Noreg. For å forstå dynamikken på feltet i dag må vi sjå på tilhøva kring framveksten av fartøyvernet og kven som er aktørar i diskursane knytte til dette feltet.

Som nemnt innleiingsvis finst det historiske praksisar som fartøyvernet må sjåast i lys av. Men fleire av desse vert det i mindre grad referert direkte til av informantane i dag. Striden om korleis fenomena skal forståast kan ha vore vunne og posisjonane blitt sjølvsagde, eller synspunkta kan ha tapt for konkurrerande framstillingar. Det kan også vere slik at den oppsplittinga av samfunnet i sektorar som Latour skildrar som eit resultat av den moderne måten å sjå verda på (Latour, 2006), har medført at ulike historiske fartøy kan inngå i ulike faglege diskursar som eksisterer parallelt, og der omgrepet fartøyvern berre dekkjer dei fartøya som inngår i ein av desse di-skursane. Det er ein situasjon med parallellar til Brattli og Steffensen si skildring av museumssamlingar, der samlinga framstår som mangefasettert («manifold phenom-enon») og med ulike eigenskapar, alt etter kva fagleg diskurs som utgjer ramma for samhandling med den materielle samlinga (Brattli & Steffensen, 2014).

For å forstå fartøyvernet slik det framstår i dag vil det difor vere naudsynt å starte med ei historisk utforsking av dei mest sentrale diskursane og omgrepa som til ulike tider har vore knytte til fartøyvernet. Ein slik gjennomgang skal gjere det mogleg å sjå korleis desse har vore med på å styre og prege fartøyvernet som kulturell prak-sis, og kva for diskursive kampar som har vore og vert førte. Ein slik emne- og omgrepsmessig arkeologi er viktig for å kunne sjå samanhengane mellom fartøyver-net og andre diskursive praksisar i samfunfartøyver-net.

Fartøyvernet framstår i dag i einskilde samanhengar som ein del av kulturminne-diskursen, men i andre samanhengar som meir fristilt frå denne. Diskursen om fartøyvernet ser også ut til å følgje litt andre liner enn den dominerande diskursen om kulturminna. For å finne årsaka til dette må vi etterspore korleis diskursen om kulturminna vaks fram og korleis fartøyvernet vart integrert i denne.

Den forståinga av kulturminnevernet, kystkulturen og fartøyvernet som den his-toriske gjennomgangen gjev, vil gje verdfull informasjon til bruk i diskusjonen av dei kvantitative funna i delstudie II og av informantane sine utsegner i delstudie III.

5.1.2 Kulturminnevernet

For å sirkle inn korleis vi forstår gjenstandar og korleis desse inngår i samhandlinga mellom oss, må vi også sjå på korleis synet på gjenstanden har skifta hjå kulturfaga, og kva tradisjonar dei ulike praksisane knytte til gjenstandens historiske dimensjon spring ut av. Som den mest sentrale av fartøyvernet sine diskursive kontekstar vil kulturminnevernet, med si nære kopling til etableringa av nasjonal identitet, vere ein hovudtråd i den historiske veven som fartøyvernet er ein del av. Kulturmin-nevernet får difor også vere hovudtråden i den historiske delen av undersøkinga. Føremålet med gjennomgangen er å forstå korleis framveksten av historie- og kul-turfaga gjorde det mogleg å sjå gjenstanden som noko nytt; nemleg som noko his-torisk.

Sjølvsagt har ein til alle tider vore merksam på at ikkje alle menneskegjorde gjen-standar er like gamle. Men å tildele ofte prosaiske gjengjen-standar ein ny verdi med utgangspunkt i ein fortidig, og difor ikkje lenger eksisterande, samanheng er eit fenomen som heng saman med framveksten av dei faga som ordna og verdila denne fortida. Desse faga har handla ut frå skiftande kontekstar og teoriar som har avleira seg i form av innhaldet i arkiv, samlingar og fredingslister som er akkumulerte over tid, samt i form av institusjonar, faggrenser og innhaldet i omgrepsapparatet. Teori-ar som hTeori-ar skapt samlingTeori-ar og institusjonTeori-ar kan bevTeori-are delTeori-ar av krafta og tyngda si sjølv om dei ikkje lenger har same plass i den dagsaktuelle vitskaplege diskusjonen. Dei representerer eit arkiv av tidlegare utsegner med kraft til å påverke nye utseg-ner og samanhengar (Foucault, 1972 s. 126–131). Liknande tankar finn vi også i nyare forsking med meir symmetrisk tilnærming til tilhøvet mellom menneska og den materielle verda. Med utgangspunkt i ei museumssamling sin materialitet syner Brattli & Steffensen (2014), med inspirasjon frå Mol (2002), korleis samlinga kan sjåast som eit subjekt («the collection has agency») med kraft til å påverke dei men-neskja som frå ulike faglege ståstader samhandlar med samlinga.

Historia, nasjonen og kulturminna

Ein sentral aktør i den tidlege kulturminnediskursen i Noreg var kunstmålaren Jo-han Christian Clausen Dahl (1788–1857) som i 1824 vart professor ved kunstakad-emiet i Dresden. I Tyskland var interessa for det nasjonale på denne tida tett kopla med interessa for mellomalderleg stordomstid og for dei materielle leivingane som kunne førast attende til denne tida (Lidén, 1991 s. 25). Gjennom si stilling i Dresden var Dahl prega av den tyske nasjonale diskursen og vart ein sentral aktør i å intro-dusere ein slik diskurs i Noreg. På sine reiser i Noreg mellom 1826 og 1850 skildra han bygg og anlegg som han meinte skreiv seg frå norsk mellomalder og publiserte sine observasjonar på tysk, noko som gav Dahl ein sentral posisjon i diskursen både i Tyskland og Noreg. I sitt arbeid trakk Dahl vekslar på den vesle opplyste norske ålmenta si aksept av den relativt høgare statusen til dei tyske institusjonane. Den

tyske kulturminnediskursen si interesse for norske kulturminne gjorde at verdien desse vart tilkjent i Tyskland vanskeleg kunne avvisast i Noreg.

Kring 1834 undersøkte Dahl bygningane på Bergenhus festning og kom til at ma-gasinbygget der måtte vere restane av den gamle kongehallen på Holmen, som til då berre var kjend gjennom skriftlege kjelder frå mellomalderen. I Noreg var det på denne tida sparsamt med kunnskap om eldre tiders byggjeskikk og kulturmin-nevernet eksisterte knapt som eige felt. Kampen om magasinbygningen vart ein prøvestein for introduksjonen av kulturminnediskursen i Noreg. Med si sentrale situering i den tyske kulturminnediskursen hadde Dahl få konkurrentar i Noreg, både i freistnaden på å definere bygningen på Bergenhus festning og i å definere saksinnramminga for den norske kulturminnediskursen. Dahl sin gode ven Lyder Sagen (1777–1850), som var lærar og diktar i Bergen, skildra i 1839 korleis han opp levde at Dahl si oppdaging og undersøking av kongehallen i Bergen gav konkret form og nærleik til det som før berre hadde vore namn og soger frå ei fjern fortid (Sagen, 1839 s. 262). Materialitet i samtida fekk ein historisk dimensjon som kunne opplevast dersom ein fekk kunnskap om denne historia. Dahl sjølv formuerte dette slik:

De store Mænd i Stat og Kirke, i Krig og Fred, der have været deres Tid-salders Ledestjerner og Nationens Hæder, træde atter levende frem for os fra deres længsforsvundne Old; ja de tale til os ikke alene igjennem Histo-riens overlevende Blade, men gjennom deres egne sekelvarige Værker, som vi daglig kunne have for Øie (Dahl, 1841).

Gjennom «oppdaginga» av den gamle kongehallen i Bergen var Dahl med på å tilfø-re diskursen om norsk nasjonal fortid ein materiell og handgripeleg tilfø-reptilfø-resentasjon. I 1844 var Dahl aktiv i skipinga av Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers bevaring, som vart eit sentralt instrument i institusjonaliseringa av kulturminnedi-skursen i Noreg. Foreininga si første store oppgåve vart restaureringa av kongehal-len i Bergen.

Evna til å gje materielle objekt ein særskild verdi på grunnlag av fortidige saman-hengar, det som Lidén kallar «det historiske dybdesyn» (Lidén, 1991 s. 19), tok lang tid å etablere som ein ålmenn tilgang. Gjennom nemningsbruken i meir prosaiske samtidige kjelder kan vi sjå korleis den vidare diskursen gradvis endrar det politiske og ålmenne medvitet om kva det gamle bygget på Bergenhus festning eigentleg er. Denne prosessen kan vi følgje gjennom dei oversyna over staten sine eigedomar som Stortinget etterspurde om lag kvart tjuande år gjennom heile 1800-talet. I desse listene, som er prega av tørt bokhaldarspråk og høg kontinuitet i nemningsbruken, finn vi bygningen i Bergen ført opp med følgjande nemningar:

1842: «Magasinbygningen» (Finants-, Handels- og Told-Departementet, 1845 s. 8),

1862: «Magasinbygningen - den gamle kongehal -» (Finants- og Told-Depar-tementet, 1862 s. 76)

1880: «Den gamle kongehal» (Finants- og Told-Departementet, 1884 s. 244)

Endring av nemninga syner korleis den historiske diskursen gradvis vann forrang over den samtidige bruksdiskursen. Bygget sin status som kongehall vart stegvis integrert som ei sanning i staten sine tørre protokollar. Det var då nærast ein logisk konsekvens av dette når det i oversynet frå 1880 går fram at bygget med verknad frå 1. januar 1880 er overlate til Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers bevaring for restaurering (Finants- og Told-Departementet, 1884).

Frå no av vert bygget verdilagt som konkret manifestasjon av mellomalderleg nas-jonal stordom og omtala som «den gamle kongehal», eller «Håkonshallen» etter Henrik Wergeland sitt dikt frå 1842 (Lassen 1852 s. 249). Dei om lag 400 åra som magasinbygning og den påfølgjande restaureringsprosessen synest å vere sletta frå ålmenta sitt medvit, og bygget framstår i dag som eit stykke mellomalder i vår eiga samtid. Diskursen om fortida, som tidlegare hovudsakleg hadde vore avgrensa til det reint språklege gjennom skrift og tale, fekk på dette viset ein materiell represen-tasjon.

«Historisk dybdesyn» var ikkje noko nytt på 1800-talet. Før opplysningstida var ulike former for kunnskap i stor grad reservert ulike samfunnsgrupper, og inngjekk som del av desse gruppene sin felles identitet. Med opplysingstida vart etter kvart grunnleggjande kunnskap om natur, kultur og samfunnsliv definert som ålmenn, og ulike program for å gjere denne tilgjengeleg for flest mogleg vart initierte, mellom anna gjennom skuleverket. Historisk kunnskap vart offentleg og politisert gjennom å skulle representere fellesskapen si historie. Det var diskursen om den felles norske historia som no kravde sine materielle monument, mellom anna gjennom Dahl si oppdaging av kongehallen i Bergen. Kongehallen vart ikkje tolka som t.d. monu-ment over ei særskild bergensk fortid eller ei spesifikk fyrsteslekt si historie. Utvikling av ein kunnskapskanon for skulen heng tett saman med den ålmenne kanondanninga i samfunnet (Moen, 2004 s. 4). Lyder Sagen er eit døme på korleis tidas menn integrerte kunnskap om norsk historie som del av allmenndanninga. Sagen vart rektor ved Bergen katedralskole i 1814. Han engasjerte seg i utviklinga av skulevesenet og etableringa av Bergen Museum og Bergen Kunstforening, og han gav ut bøker og artiklar om historiske emne. Han gav også ut ei rekkje skulebøker der han inkluderte tekstar frå og om norsk historie. Målet var mellom anna å «væk-ke og danne Smagen medens de vakte Følelsen for det Ædle og Sande, og ingjød Agtelse og Kjærlighet for Fædrelandet og dets sande Mænd» (Sagen, 1808 s. IV). Dei store vitskaplege framstega ut etter 1800-talet bygde på klassifiseringssystem og kategoriar som kunne sortere røynda slik at mønster og samanhengar trådde fram. Frå slutten av 1800-talet tilførte utviklingslæra ein tidsdimensjon til slike kategori-system (Bringéus, 1986; Olsen, 1997 s. 32), noko som gjorde det mogleg å forklare både endring og mangfald. Dette gjorde det også mogleg å sjå enkeltobjekta både i samanheng med andre og som lekk i ei utvikling og tilpassing til ulike tider og livsvilkår.

Den svenske etnologen Gunnar Oluf Hyltèn Cavallius (1818–1889) skildra på 1860-talet den langsame og naturlege overgangen han meinte å sjå frå eldre og en-klare former til yngre og meir samansette former. Dette var inspirert av den

ål-menne lov for all organisk utvikling som han såg var verksam i den ytre naturen (Hylten-Cavallius, 1863 s. 205). Den norske folkeminnesamlaren Andreas Faye (1802–1869) samanlikna innsamling av folkeminne med innsamling av planter (Amundsen, 2013 s. 33). Med inspirasjon henta frå naturvitskapen vart kulturen sett som beståande av enkeltobjekt og fenomen som kunne skildrast og katalogiser-ast. Heilskapen – kulturen – ville då etterkvart tre fram gjennom kartlegginga av bestanddelane.

Dei store ‘ismane’ i kulturforskinga på 1800-talet var evolusjonismen som forklar-ing på utviklforklar-inga av kulturtrekk og diffusjonismen som forklarforklar-ing på korleis kul-turtrekka spreidde seg (Bringéus, 1986, s. 29–45; Löfgren, 1997 s. 97). Men medan naturvitskapane skildra naturen dei såg kring seg, interesserte dei kulturhistoriske disiplinane seg primært for den fortidige kulturen. Studiet måtte difor få preg av eit rekonstruksjonsarbeid med utgangspunkt i dei eldste kulturelementa i samtida. Premissen var at desse var restar av ein tidlegare heilskap, og at det var denne tapte heilskapen som utgjorde det eigentlege forskingsobjektet. Dette kjem mellom anna til uttrykk gjennom programerklærande titlar som ”ett bidrag til karteringsarbetet över svensk folkkultur” (Ehn & Löfgren, 1996 s. 36).

Folkekulturen som nasjonen sitt opphav og ankerfeste vaks fram som ein felles eu-ropeisk ide som i første rekkje fann grobotn hjå elitane i samfunna (Rogan & Erik-sen, 2013 s. 11–14). Dette førte med seg at ålmenta – som eliten tidlegare opplevde som kulturelt lågareståande, uopplyste og til dels infantile – fekk ny status som berar av nasjonens sanne kulturelle arv. Interessa for folkekulturen fall saman med starten på industrialiseringa og framveksten av det moderne samfunnet. Dette skapte end-ringar i eit omfang og ein takt som sakna sidestykke i historia og gav ei sterk kjensle av å vere i rørsle bort frå eldre arbeids- og levemåtar, og at samtida var grunnlegg-jande ulik fortida (Eriksen, 1999; Lowenthal, 1985). Opplevinga av at kulturarven var i ferd med å gå tapt førte til bergingsaksjonar. Under ulike akademiske namn har det like frå midten av 1800-talet vore gjennomført ulike former for folkelivsgransk-ingar, der målet har vore å dokumentere så mykje som råd av denne kulturelle ar-ven før han forvitra. Kulturane vart oppfatta som etter måten statiske univers med tilhøyrande materielle og åndelege element. Kulturane, og følgjeleg også grensene mellom dei, kunne kartleggjast gjennom å kartleggje utbreiinga av kulturelementa (Rogan & Eriksen, 2013).

Kulturfagas orientering mot sosiale prosessar og strukturar medførte eit skifte i synet på det materielle. Gjenstanden vart sett som meiningsberande i bokstavleg forstand; ein berar av skiftande meiningar, og seinare som ein aktiv medspelar i meiningsproduksjonen (Olsen, 1997 s. 286–289) – vi skriv meining inn i gjenstan-den som også skriv meining attende på oss når vi les meining ut att frå gjenstangjenstan-den. Likevel ser det ikkje ut til at tilsette ved musea har problem med at heilt andre as-pekt enn dei materielle i dag er sentrale når dei skal finne og bruke gjenstandane dei har i magasina. Kanskje er det slik at praksisen ved musea gjer at ein også kan sjå det materielle på andre måtar enn slik det framstår sett gjennom tekstparadig-met. Registreringsskjemaet for kulturhistoriske gjenstandar hjå musea krev svar på konkrete spørsmål som alder, nemning, framstillingsmåte, materialbruk, produsent,

brukarar, bruksområde, proveniens og fysisk storleik.18 Felta i skjemaet har sine ko-desystem etter mykje same prinsipp som vert nytta hjå biblioteka. Konsentrasjonen kring spørsmål som er forankra i tidlegare forskingsmessige tilnærmingar fastheld ei merksemd mot sider ved gjenstanden som i mindre grad vert aktualiserte av nyare struktur- og tekstorienterte tilnærmingar.

I dag vert tinga bytte ut raskare og av andre årsaker enn tidlegare. Dei kan til dømes gå av moten lenge før dei er slitne ut (Ehn & Löfgren, 2001 s. 58). Livsløpet til hov-udtyngda av kulturelle objekt i nyare tid ser ut til å ha tre hovudfasar, der dei går frå å representere ”det nye” via ”det normale” til ”det forelda/umoderne”. Ubehaget ved ting som har gått av moten synest å vere i slekt med ubehaget knytt til ”matter out of place” (Douglas, 1966/1995). Objekt som unngår den påfølgjande resirkuleringa og overlever si tid – i tydinga den kulturelle brukssituasjonen – framstår som fråkopla sin opphavlege kontekst. Ettersom tida går, forvitrar også den opphavlege kulturelle meiningskonstruksjonen kring objektet, og det vert eit framandelement i samtida – ei attergløyme frå ei anna tid. Dette skapar ein distanse som gjer det mogleg å nytol-ke gjenstanden og endre det symbolsnytol-ke innhaldet. Gjenstanden sin funksjon som semiotisk teikn vert gjerne ekstra tydeleg hjå slike gjenstandar der tida har forvitra bort dei fleste andre aspekta.

Det er i denne samanhengen viktig å hugse på at det som gjev eit fartøy verdi som kulturminne, ikkje er fartøyet sjølv. Det konstituerande for eit kulturminne er ik-kje til dømes alderen, men det at dei andre objekta av same type og generasjon er borte. Det er dei andre si forsvinning som får det overlevande objektet til å framstå som unikt. I framhevinga av det einskilde og unike fartøyet er det difor viktig å hugse på at forklaringa på merksemda finst i relasjonen til det som er borte, og ikkje først og fremst i det einskilde overlevande fartøyet. For å vri litt på Mary Douglas (1966/1995) sine ord, har fartøy blitt ein slags ”matter left over”, som kan frigjerast frå ubehaget ved å vere eit unyttig gamalt vrak, tilførast nytt innhald og ryddast over i kulturminnekategorien.

5.1.3 Kystkulturen

Ein skal ikkje opphalde seg lenge saman med fartøyvernarar før omgrepet kystkul-tur vert nemnt, og det vert teke som sjølvsagt at alle veit kva som ligg i omgrepet. Men sjølv om det openbart refererer til ein historisk dimensjon og eit slags ma-terielt innhald, er ordet likevel ikkje så gamalt i sin noverande bruk. Den sentrale plassen kystkulturomgrepet har i argumentasjonen for fartøyvernet gjer det til eit nøkkelomgrep som må undersøkast for å klarleggje kva som meinast med ordet og kvar dette meiningsinnhaldet kjem frå.

18 Sjå Museumshåndboka, kapittel 221.1 om katalogisering ved kulturhistoriske museer. Utgitt 1980 av Norske Kunst- og Kulturhistoriske Museer og Norske Naturhistoriske Museers Lands-forbund.

Framveksten av ein diskurs

Det kvalitative materialet som er ein del av empirien for denne avhandlinga vart samla inn ved hjelp av informantar og nøkkelinformantar i 2009. I dette mate-rialet finn vi ei stor mengd referansar til omgrepet kystkultur. Også på dei ulike fartøyvernforeiningane sine heimesider og i brosjyremateriellet dei gjev ut finn vi ofte omgrepet nytta når det lokale fartøyvernprosjektet skal setjast inn i eit større perspektiv. Omgrepet kystkultur ser ut til både å fungere som ein sentral refer-anse for legitimeringa av fartøyvernet på samfunnsnivå og som ei nemning på eit identitetsgjevande fellesskap. Denne sentrale referanse- og legitimeringsrolla gjer det naudsynt å ta ein gjennomgang av omgrepet kystkultur og av tilhøvet mellom

Related documents