• No results found

4.1 Innleiing

Denne tverrfaglege avhandlinga inkluderer både kvalitative og kvantitative tilnærm-ingar som skal belyse ulike sider av den frivillige innsatsen i fartøyvernet. Metodisk sett er avhandlinga difor delt i tre deler, slik Figur 3 (s. 60) illustrerer. Data kjem frå litteraturstudia, systematisk kartlegging med både kvalitative og kvantifiserbare data om frivillige knytte til 90 fartøy, og djupneintervju med 14 frivillige. Dei tre ulike metodiske tilnærmingane som eg nyttar meg av relaterast til avhandlinga sine tre problemstillingar som ligg til grunn i dei tre delstudiene. Dette er samstundes ei metodisk triangulering17, der ulike perspektiv kan supplere kvarandre. Dei meto-diske tilnærmingane illustrerast på følgjande måte (Figur 4):

17 Omgrepet triangulering nyttast innan samfunnsvitskapane om å nytte observasjonar frå minst to ulike perspektiv. Metoden kan avdekke svake sider ved dei einskilde perspektiva, eller indikere høg validitet dersom perspektiva peikar i same retning.

Figur 4. Metodiske tilnærmingar i avhandlinga sine tre delstudiar

4.2 Delstudie I

Forskingsspørsmål 1 gjeld den historiske bakgrunnen for at fartøyvernet i Noreg vart eit felt dominert av frivillige grasrotrørsler. Spørsmålet er presisert i form av korleis sentrale praksisar og omgrep vart etablerte i fartøyvernet og kulturminne-vernet. Ei slik undersøking omfattar sentrale aspekt ved kulturminnevernet, som vi må attende til første del av 1800-talet for å finne opptakten til. Det betyr sam-stundes at dei fleste aktørane og deira verd for lengst er borte og at kjeldene til det som skjedde i hovudsak må søkjast i skriftlege framstillingar og partsinnlegg knytte til dei historiske hendingane. Slike kjelder medfører at omsynet til å inkludere det materielle i analysen kan bli utfordrande å ivareta. Som nemnt i diskusjonen knytt til dei teoretiske tilnærmingane i Delstudie I så er det likevel mogleg å oppretthalde ein viss symmetri ved å vere lydhøyr der menneskelege aktørar sine møte og erfaringar med materielle objekt kjem fram i tekstane.

I kapittel 5, delstudie 1, står den diskursanalytiske tilnærminga sentralt. Ein viktig metoderegel hjå Bruno Latour er å studere den diskursive prosessen i verksemd og ikkje ferdigproduserte fakta (Latour, 1987). For å gjere dette ser han på prosessen før kampen om innhaldet er sluttført og kjensgjerningane vert lukka inne i det han kallar «svarte boksar», eller han studerer dei stridane som opnar slik boksar att. Når noko har oppnådd status som fakta, vert den opphavlege innvevinga i omkringlig-gjande felt skjult for oss. Det er difor ikkje resultata som må vere utgangspunktet for analysen, men den praksisen der resultata vert produserte. I analysen av det his-toriske kjeldematerialet er det difor viktig å leite fram det ordskiftet som fann stad før forståingsmåtane vart fastlagde, der striden om «sanninga» enno var open og dei ulike posisjonane synlege.

Kjelder

Fartøyvernet har vokse fram som eit eige felt innan kulturminnevernet og er i dag nært knytt til omgrepet kystkultur. I den historiske undersøkinga i delstudie I er fokuset satt på framveksten av praksisar knytt til «kulturminnevern», «fartøyvern» og «kystkultur», og på innhaldet i dei sentrale omgrepa knytte til desse praksisane gjennom tidene. Gjennom å sjå nærare på sentrale verk og utsegner som omhandlar kulturelle tilhøve langs kysten er det mogleg å etterspore oppkomsten og utviklinga av meiningsinnhaldet i omgrepet kystkultur.

Eg inkluderte 1) artiklar frå aviser og frå medlemsblad til relevante organisasjonar, 2) årsmeldingar frå ulike organisasjonar innan kulturminnevernet og 3) bøker som omhandlar kulturminnevernet samt 4) offentlege rapportar og utgreiingar.

Avisartiklar og medlemsblad

Kystkultur er eit populært omgrep i regional- og lokalpressa, der lokale arrange-ment og vernesaker gjerne vert kopla mot dette. Lesarbrev og artiklar i pressa er ein meir endefram og personleg genre enn bøker. Ramme og temperatur kring utseg-nene vil difor vere annleis.

Med fokus på bruk av omgrepet kystkultur vart avisartiklar og medlemsblad gjen-nomsøkte. Kjeldene som vart inkludert i avhandlinga vart leita opp elektronisk, gjennom mikrofilm på biblioteka eller som arkiverte papirversjonar. Dei inkluderte avisartiklane dokumenterte hendingar og diskusjonar frå åra 1902 til 2016. Berre eit utval av desse funna vart nærare analysert i avhandlinga. Overlappande utsegn vart ekskluderte.

Følgjande aviser med artiklar om kystkultur synte seg å være sentrale (utgjevingsåret og forfattarnamn for dei nytta kjeldene står i parentes): Morgenbladet (Krag, 1902; Sandbæk, 2016), Bergens Tidende (1964 a og b), Sunnmørsposten (1964), Sogn Dagblad (Dyrdal, 1991), Namdalsavisa (Ribsskog, 2004), Østlandsposten (Ruud, 2006), Firda (Stang, 2010; Ramsli, 2016), Strilen (Storheim, 2013), Dampskib-sposten (Kolltveit, 2014) og Signalen (2014).

Årsmeldingar og bøker

Årsmeldingane og bøkene er nytta som kjelder for meiningsinnhaldet i omgrep. Felles for bøker som kjelde er at dei vender seg til den opplyste ålmenta og at inn-haldet som regel er gjennomarbeidd og formulert ut frå ein tanke om at framstillinga skal kunne stå seg over tid.

Sentrale årsmeldingar og bøker nytta i avhandlinga vart publiserte av Fortidsmin-neforeningen og Norsk Sjøfartsmuseum (i dag Norsk Maritimt Museum). I avhan-dlinga er det også nytta jubileumsbøker frå ulike organisasjonar innan fartøyvern og kystkultur, jubileumsbøker publiserte av lokale ruteselskap og nokre sentrale verk innan og maritim historie. Desse er forfatta av Bugge (1923), Hagesæther (1971), Bakka (1974, 1997), Engvig (1978, 2008), Kolltveit (1980, 1982), Molaug (1985), Lande (1997), Berge (2004), Odéen (2006) og Døsseland & Løseth (2006).

Det synte seg også nyttig å inkludere nokre meir autoritative skildringar om re-gionale ulikskapar og levesett. Døme på slike er Norge 1814–1914 (Kiær, 1914), som del av 100-årsfeiringa for hendingane i 1814, og skuleboka Geografisk lesebok. Norge (Holmsen & Wiborg, 1934) som kom i fleire opplag og ulike redigeringar i løpet av mellomkrigstida.

Offentlege rapportar

Nokre offentlege rapportar vert nytta som kjelder i analysen av det politiske og of-fentlege gjennomslaget for nokre sentrale saker knytte til kulturminnevernet, der endring av nemningsbruk over tid kan lesast som avtrykk av den diskursive proses-sen. Dei mest sentrale er Finants- og Told-Departementet sine skildringar av staten sin eigedomar (1845, 1862, 1884)

4.3 Delstudie II

Forskingsspørsmål 2 gjeld kven dei frivillige er (demografiske data), omfanget av aktiviteten, sentrale utviklingstrekk, og økonomisk verdi av den frivillige innsatsen. Dette er kvalitative spørsmål som det kan svarast på gjennom innsamla og lokali-serte statistiske opplysningar. Dette materialet og den statistiske handsaminga skil ikkje mellom menneske og ting i den materielle verda, slik at omsynet til symme-trien mellom desse kan ivaretakast gjennom det som vert inkludert i talmaterialet. På grunnlag av slike kjelder kan det setjast opp kvantitative oversyn som deretter kan tolkast i lys av resultat frå analysen av dei kvalitative kjeldene til delstudie I.

Kjelder

Delstudie II i avhandlinga tek utgangspunkt i innsamling og systematisering av eit kvantitativt materiale som vert handsama og presentert statistisk. Dette materialet er samla inn gjennom ei systematisk kartlegging. Kartlegginga består av ein kvali-tativ og ein kvantikvali-tativ del. Den kvalikvali-tative delen av kartlegginga er seinare nytta i delstudie III, mens den kvantitative delen inkluderer kvantitative data til analysen i delstudie II. Desse dataa skal setje lys på utviklingstrekk og gje eit estimat av om-fang, demografiske fordeling og økonomisk verdi av aktiviteten i fartøyvernet i ein avgrensa periode. For å kunne relatere verdien av det statlege tilskotet til fartøya og verdien av den frivillige innsatsen knytt til fartøya, vart talmaterialet knytt til dei 90 fartøya som fekk tilskot frå Riksantikvaren i 2009 inkluderte.

Den systematiske kartlegginga vart gjennomført som ei telefonundersøking basert på ein intervjuguide med 14 hovudspørsmål. Respondentane kan sjåast som nøk-kelinformantar med djupnekunnskap om dei forholda som skulle undersøkjast (Patton, 2015, s.284–286). Desse nøkkelinformantane var enten leiarar av eigaro-rganisasjonane eller personar som planla og leia frivillig arbeid på dei 90 inkluderte fartøya som fekk tilskot i året 2009, i alt 82 personar. Intervjuguiden (sjå vedlegg 3.) vart sendt til nøkkelinformantane to til tre veker før telefonundersøkinga fann stad. Data knytt til informantane og dei 90 fartøya er anonymisert i avhandlinga.

Analysen

Det kvantifiserbare datamaterialet som framkom under intervjua vart statistisk analysert, samt at deler av dette datamaterialet også vart inkludert i drøftinga i dels-tudie III.

4.4 Delstudie III

Forskingsspørsmål 3 omfattar dei frivillige sine motivasjonar og opplevingar, og samfunnsmessige verknader av den frivillige innsatsen. Dette spørsmålet gjeld dei frivillige sine eigne forståingar og opplevingar av engasjementet sitt og må svarast på gjennom ei kvalitativ undersøking. Dei teoretiske tilnærmingane frå folkehelse-forskinga står i sentrum av tolkingsarbeidet, støtta av teoriar som representerer ei forlenging og støtte for desse for å forklare korleis dynamikken i kulturelle og so-siale fenomen kan påverke opplevingane.

Teoretiske tilnærmingar frå folkehelseforskinga er opne for ei symmetrisk tilnærm-ing, medan tilnærmingane som vert nytta for å sjå på kulturelle og sosiale prosessar i mindre grad er opne for dette. Dette må det kompenserast for gjennom å leggje særleg vekt på dette aspektet i arbeidet med kjeldene, der dei frivillige sitt nære til-høve til fartøya sine som materielle objekt kjem godt fram. Det kan gjerast gjennom skildringar av utfordringar med arbeidet og korleis tilhøvet til fartøyet og opplevin-ga av eigne evner endra seg undervegs.

Kjelder

Datamaterialet har som mål å setje lys på dei frivillig sine eigne verdileggingar og forståingar av innsatsen sin, og detektere om aktiviteten kan ha verknader relater-te til opplevd helse- og livskvalirelater-tet. Den metodiske tilnærminga er basert både på den kvalitative delen av den systematiske kartlegginga som vart gjennomført for delstudie II og på informasjon frå djupneintervju med 14 frivillige fartøyvernarar frå dei inkluderte fartøya. Datamaterialet som vart henta inn vert nytta til å forstå korleis dei frivillige sjølv opplever og grunngjev aktiviteten sin, samt kva verknader den samla innsatsen kan ha både for den einskilde og på det kollektive nivået. Det kollektive nivået kan her forståast på to måtar: Det som trer fram som felles erfar-ingar innan fartøyvernet, eller fartøyvernet som del av noko større, som til dømes kulturminnevernet, lokalsamfunnet eller frivillig sektor («NGO-sektoren»). Djupneintervju med 14 frivillige

De 14 informantane som vart djupneintervjua vart valde ut etter snøballmetoden (Patton, 2015, s.298–299) av dei nøkkelinformantane som inngår i delstudie II. Dei 14 inkluderte frivillige gav sitt samtykke før intervjua fann stad, og 13 av intervjua vart gjennomførte om bord i dei aktuelle fartøya i samband med dugnadskveldar. For å gjere det mogleg å samanhalde informasjonen, er alle djupneintervjua gjen-nomførte med informantar tilknytte ulike eldre ruteskip. Eldre ruteskip kan vere tett innvevde i lokalsamfunnet si historie og har difor stor ålmenn interesse. Dette kan lette undersøkinga av interaksjonen mellom fartøyvernprosjekta og lokalsam-funna.

Kvalitativ del av intervjuundersøkinga (systematisk kartlegging) av aktiviteten knytt til 90 verna fartøy.

Den kvalitative delen av kartlegginga inkluderer tre opne spørsmål der nøkkelin-formantane vart inviterte til å dele sine meiningar om kva som kjenneteiknar dei frivillige, og om årsakene til at dei frivillige sluttar seg til eller forlèt verneprosjekta.

Analysen

Svara frå dei kvalitative intervjua vert analyserte gjennom ein kontentanalyse (Pat-ton, 2015, s. 551–552) der forskaren identifiserer, organiserer og kategoriserer inn-haldet i utsegna.

I analysen vert det lagt vekt på å finne fram til omgrep som er sentrale for dei frivil-lige og som kan setje oss på sporet av korleis deltakarane forstår desse omgrepa; altså på kva måte den frivillige aktiviteten framstår som meiningsfull for deltakarane.

4.5 Kjeldekritikk og samanheng

Demografiske data om dei frivillige er naudsynte i analysen av deira opplevingar og meiningslegginga av aktiviteten. Her vil det kvantitative materialet utgjere ein nyttig referanse for tolkinga av det kvalitative materialet.

Kunnskap om den kvantitative utviklinga av fartøyvernet, kystkulturrørsla og kul-turminnevernet kan supplere den historiske undersøkinga av omgrep og praksisar i fartøyvernet. Endringar i omfang og tilsynekomst av nye kategoriar kan indikere diskursive endringar på feltet.

4.6 Etiske vurderingar

Fartøyvernet er generelt lite kontroversielt og utgjer en ein del av eit kulturminne-vern som er ålment anerkjent som viktig for samfunnet. Etiske problem vil difor i hovudsak vere knytt til eventuell personlege vurderingar og karakteristikkar av an-dre, og til informasjonen om informantane sin eigen personlege situasjon, til dømes relatert til helse og familiære relasjonar.

Makttilhøvet mellom forskar og informant vil alltid vere asymmetrisk (Bourdieu, 2007). Mellom anna har forskaren alltid tilgangar og informasjon som informant-en manglar, og informantinformant-en har ikkje kontroll over dinformant-en forskingsmessige hand-saminga av utsegnene. Denne makta tilhøyrar ikkje forskaren personleg, men er institusjonalisert gjennom den akademiske praksisen (Jørgensen & Phillips, 1999 s. 22–23). Når forskaren i tillegg har sitt arbeid i den statlege kulturminne forvaltinga, kan dette makttilhøvet synast ekstra asymmetrisk, då forskaren kan opplevast som ein representant for Riksantikvarens makt over definisjonane og økonomien innan fartøyverndiskursen. Dette fordrar difor ei ekstra varsemd og respekt frå forskaren si side, både under innsamlinga av empiri og ved bruken av kjeldene i analysearbeidet.

I forkant av dei kvalitative intervjua fekk informantane ei orientering om studien og om dei rettane dei har. Ein informert aksept vart lesen og signert, der det mellom anna går fram at sitat og tilvisingar vil bli anonymiserte for å ivareta deira interesser (vedlegg 4). Nokre av spørsmåla omhandlar personlege tilhøve, helserelaterte op-plysningar og utsegner som kan tenkjast å ha konsekvensar for informanten dersom dei kjem ut. I tillegg kjem at utsegn som ser harmlause ut for forskaren likevel kan ha konsekvensar for informanten. Det vil difor vere vanskeleg på førehand å inngå avtaler som medfører at forskaren kan gjere slike vurderingar, samstundes som det heller ikkje er gitt at informanten vil kjenne til konsekvensane av å få utsegna pub-lisert. Forskaren må difor vere føre var, leggje vekt på informanten sine interesser og gje informanten høve til å delta i vurderinga av kva konsekvensar ei deltaking kan ha (Alver & Øyen, 1997 s. 103).

Fartøyvernet, særskilt dei lokale organisasjonane, kan utgjere små og transparente miljø der det også må takast omsyn til tredjepart (NESH, 2006 s. 16). Tredjepart kan her vere dei andre medlemane, informanten sin familie eller sjølve organisasjonen. Forskaren kan vanskeleg ha informasjon til å vurdere kva konsekvensar ei utsegn kan ha for desse. I denne studien er difor alle informantane anonymiserte. Det vart valt å ikkje konstruere dekknamn, men i staden å nytte informantnummer, kjøn og alder, samt sidetalet i intervjuprotokollen der utsegna er henta frå (til dømes «Informant nr. 2 s.3, mann 70 år»). I motsetnad til konstruerte namn gjev dette ein relevant kontekst til utsegnene, samstundes som anonymiteten vert ivareteken. Intervjua og utskrifter av desse vert oppbevarte under lås på sikker måte, i tråd med vilkåra for godkjenning av prosjektet og NESH sine retningsliner. Annleis stiller det seg med utsegn henta frå materiale som allereie er kjent eller publisert, men også her har forskaren ei plikt til å handsame materialet med respekt. Dette gjeld trykte kjelder som bøker, artiklar frå magasin og aviser samt informasjonsmateriell frå or-ganisasjonane.

Studien er godkjent av Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingse-tikk Sør-Øst A (REK Sør-Øst A) med referansenummer 2010/173a (vedlegg 7) og er skriven i tråd med gjeldande forskingsetiske regelverk for samfunnsvitskap, hu-maniora, juss og teologi (NESH, 2006).

4.7 Rolleforventing

Ved tidspunktet for formulering av studien og innsamling av empiri var det ikkje lenger mogleg for meg å drive deltakande observasjon på dugnader og liknande utan å endre rammene for situasjonen. Informantane sin kjennskap til mi rolle som rep-resentant for Riksantikvaren gjer at dei har ei sterk rolleforventing som er vanskeleg å kome ut av, og som ville gjere det uråd å gjennomføre ein deltakande observasjon i tradisjonell forstand. Til dømes vert det under ein dugnad eller på eit møte kontinu-erleg teke stilling til problem som oppstår undervegs, og små og store antikvariske val må gjerast fortløpande. I ein slik situasjon ville deltakarane vore meir enn merk-same på at ein representant for dei antikvariske styresmaktene er til stades, og anten

gjort meg til domar i alle saker og/eller opplevd situasjonen som ubehageleg. Uan-sett ville eg vore avskoren frå å ikle meg rolla som deltakande observatør med til-strekkeleg låg profil til at ikkje mitt nærvær ville ha endra reglane for samhandling. Det eg derimot har tilgang til er omlag 30 år med praktisk og diskursiv erfaring frå dei fleste posisjonane innan fartøyvernet som eg kan trekkje vekslar på i analyse-arbeidet. Gjennom å ha delteke i diskusjonar kring dei aktuelle problemstillingane over så lang tid har eg akkumulert ei intuitiv for-forståing av meiningsinnhald og referansar knytt til sentrale omgrep slik dei vert nytta frå ulike posisjonar til ulike tider. Denne mangesidige erfaringa er verdfull som bakgrunn for problematisering og tolking (Strauss, 1987).

Ei utfordring knytt til slik bruk av eigne erfaringar er i tilstrekkeleg grad å gjere desse tilgjengelege for andre gjennom analytisk handsaming. Det ligg i saka sin natur at minne og erfaring i sitt vesen er personleg opplevde. Dei er også for ein stor del ikkje-verbale, særleg gjeld dette erfaring frå det konkrete dugnadsarbeidet, og erfa-ringane kan difor ikkje alltid og fullstendig transformerast til tekst. Medviten bruk av slik erfaring krev også at forskaren set opp ei form for sjølvmelding der han gjer greie for kva bakgrunn og erfaring som kan vere relevant og som vert trekt vekslar på i forskingsprosessen (Maxwell, 2013 s. 46). Dette kan sjåast som ein teknikk som gjer det mogleg for forskaren å bli medveten om når han møter seg sjølv i døra, og transformere slike møte til verdfull empiri.

I denne studien kan både nøkkelinformantar, personlege informantar og forskaren reknast som innsidarar i det norske fartøyvernet, noko som i ein forskingssituasjon har både føremoner og ulemper. Føremonene er mellom anna knytt til kommuni-kasjonsflyt og delte referanserammer, noko som kan gjere det lettare for forskar-en å oppnå ei forståing av aktørane sin ståstad. Utfordringa består i å distansere seg frå denne innforståtte posisjonen, eksternalisere intersubjektive forståingar og etablere ein forskingsmessig ståstad utanfor denne samanhengen. Diskursanalysen krev at forskaren for å gjennomføre analysen både vert ein innsider i diskursen og ein outsider som objektiverer den diskursive kampen (Hitching & Veum, 2011 s. 19). Gjennom medvite å gå inn i desse rollene skal forskaren kunne skildre kampen på feltet på ein ålment forståeleg måte. Dette har potensial til å verke tilbake på di-skursen og dermed endre han. Slik er konsekvensane av den humanistiske forskinga (Neumann, 2000 s. 31).

Related documents