• No results found

3.1 Innleiing

Det teoretiske rammeverket i avhandlinga inkluderer to hovudteoriar, sosial- konstruksjonisme som ligg til grunn for diskursanalysen og empowerment-teori. Hovudtrekka kan framstillast som i Figur 3 (s. 60). Diskursanalyse nyttast fortrinns-vis i kapittel 5 delstudie I og delstudie II, som belyser kompleksiteten kring kultur-minnevern, kystkultur og nasjonal identitet i fartøyvernet på systemnivå, men kjem også til utrykk i delstudie III som belyser den frivillige innsatsen i fartøyvernet på individ nivå. Teorien om empowerment som vert nytta i delstudie III er utvikla av Charles H. Kieffer. Her baserer Kieffer seg på teorien om salutogenese av A. An-tonovsky. Då sosial kontakt har synt seg som eit viktig aspekt for dei frivillige i fartøyvernet er teorien om empowerment supplert med Bourdieu sin teori om sosial kapital. Kapittel 3 vil gje ei nærare innføring i desse teoriane og korleis dei vert nytta i dei ulike delstudiene i avhandlinga.

Figur 3. Teoretisk ramme for avhandlinga.

For å nå målet med avhandlinga må eg også nytte tilnærmingar frå andre fagtradi-sjonar enn etnologien. Desse kjem til uttrykk gjennom dei tre nivåa i analysen, som er organisert som tre delstudiar. Delstudiane trekkjer vekslar på teoretiske tilnærm-ingar frå litt ulike fagtradisjonar, og teorikapittelet er difor disponert slik at teoriane vert presenterte og diskuterte i lys av dei ulike forskingsspørsmåla. For heilskapen i framstillinga si skuld vert diskursanalysen, som inngår i fleire delar av analysen, diskuterte under delstudie I der han utgjer den mest sentrale tilnærminga.

Bruk av fleire ulike faglege ståstader kan gje ei meir utfyllande forståing av fenom-ena enn ein fagleg ståstad åleine kan gjere. Som nemnt innleiingsvis peikar Latour på at oppsplittinga av samfunnet er eit resultat av den moderne måten å oppfatte verda på (Latour 2006). Denne oppsplittinga gjeld i følgje Latour også kunnskap. Fragmenteringa av kunnskapsformer til stadig meir spesialiserte fag kan vere prob-lematisk for den vitskapleg praksisen. Ein måte å motverke denne fragmenteringa på, er å ha eit tverrfagleg utgangspunkt, der teoriar og metodar frå ulike fag får supplere kvarandre og danne ei syntetiserande forståing av dei studerte fenomena på tvers av faga. Ei utfordring med dette er at forskinga ikkje berre må gå på tvers av faga, men også i djupna.

Forskaren sin faglege ståstad og bakgrunn er viktig å synleggjere, og dette kapit-telet avsluttar difor med ein presentasjon av min eigen posisjon. Denne vert så dis-kutere som grunnlag for ei hermeneutisk tilnærming, der mi tidlegare erfaring frå fartøyvernet er ein sentral tilgang.

3.2 Tverrfagleg posisjonering

Den frivillige aktiviteten i fartøyvernet har verknader som kan ettersporast på andre samfunnssektorar enn kulturminnevernet, som tradisjonelt har vore kulturfaga sitt domene. Den frivillige aktiviteten har t.d. sett sine spor i nasjonalbudsjettet og har hatt innverknad på formulering av lover og forskrifter også ut over dei som gjeld på kulturminnesektoren. Dette tyder på at aktiviteten er i inngrep med politiske og forvaltingsmessige prosessar som tradisjonelt har vore rekna til samfunnsfaga sitt forskingsfelt. Forskinga innan felt som folkehelse og frivilligheit har kome fram til resultat som gjev grunn til å tru at aktiviteten i fartøyvernet også har verknader for dei frivillige sjølve i form av korleis dei opplever eigen situasjon.

For å kunne svare på forskingsspørsmåla er det difor naudsynt med ei tverrfagleg tilnærming. Ei slik interdisiplinær eller tverrfagleg forsking kan definerast som ei tilnærming der data, teknikkar, verktøy, perspektiv, konsept og/eller teoriar frå to eller fleire fag eller ekspertfelt vert integrerte for å fremje grunnleggjande forståing eller svare på problem der løysinga ligg utanfor rammene for dei einskilde faga eller praksisane (Committee on Facilitating Interdisciplinary Research, 2004; Sørly & Blix, 2017).

Ei slik integrering av tilnærmingar frå fleire fagfelt kan også sjåast som ein freistnad på å overvinne konsekvensane av den kunnskapsfragmenteringa som følgjer av op-pretting og avgrensing av fagfelt (Latour, 2006). Gjennom ei tverrfagleg tilnærming vert det mogleg å fremje samfunnsrelevante undersøkingar og påvise viktige saman-hengar og verknader på tvers av faggrenser. Tverrfagleg forsking gjev dermed ikkje berre tilgang til ny kunnskap, men kan også opne for tiltak og moglegheiter som ikkje hadde vore synlege utan ei slik tilnærming. Ei liknande haldning finn vi også innan etnologien i form av den «kulturanalytiske tilnærminga». I boka Kulturanalys frå 1982 formulerer etnologane Ehn og Löfgren korleis etnologien kan nytte seg av inspirasjon frå antropologisk og sosiologisk hald og at ei litt laussleppt og uhøgtidleg tilnærming ofte kan syne seg fruktbar (Ehn & Löfgren, 1982).

Denne avhandlinga har ikkje som mål å sameine teoriar frå ulike fagfelt til eit større heilskapleg teoretisk system. Vekta er lagt på å nytte dei teoretiske ressursane som framstår som mest tenlege i arbeidet med å svare på forskingsspørsmåla. Difor har eg valt å svare på kvart av forskingsspørsmåla i eigne delstudiar, der eg nyttar dei tilnærmingane som framstår som best eigna for å svare på desse.

Avhandlinga vil likevel ikkje framstå som tre heilt åtskilde studium frå tre ulike fag-lege tradisjonar. Den tverrfagfag-lege tilnærminga kjem særskilt til synes ved at resultat frå den historiske undersøkinga i delstudie I står sentralt i tolking av det kvantitative materialet i delstudie II, og at desse resultata utgjer ein viktig kontekst i analysen av det kvalitative materialet som vert handsama i delstudie III.

Teoretiske tilnærmingar frå ulike fagfelt kan høyre til same vitskapsteoretiske tradisjon. T.d. er poststrukturalismen eit teoretisk felt som går på tvers av tradis-jonelle faggrenser som filosofi, litteraturvitskap, sosiologi og psykologi, og er ut-gangspunkt for mange tilnærmingar som fokuserer på meiningsdanning og sosiale nettverk (Skei, 2018). Fleire av dei teoretiske ressursane som nyttast i denne

avhan-dlinga deler eit slikt poststrukturalistisk utgangspunkt, ved å ta utgangspunkt i at vår oppleving av røynda er sosialt/kulturelt konstruert. Veikskapen med slike modellar er at det materielle får lite merksemd eller framstår som representasjonar av kul-turelle verdiar. I diskusjonen av teoretiske tilnærmingar må dette problemet løysast.

3.3 Teoretisk perspektiv i delstudie I

Det første av forskingsspørsmåla gjeld den historiske bakgrunnen for at fartøyver-net vart eit etablert som eit felt dominert av frivillige organisasjonar. Undersøkinga av dette tek føre seg etableringa av praksisar og omgrep som er sentrale for kultur-minnevernet generelt og fartøyvernet spesielt. Mykje av dette ligg eit stykke attende i tid og dei sentrale aktørane og deira samtid er for lengst borte. Denne delstudien må difor ta utgangspunkt i dei avtrykk av hendingane som vart festa i skrift gjennom dei omlag 200 åra som har gått sidan tanken om å ta vare på utvalde kulturminne vart introdusert i Noreg. Både materialet sin skriftlege form og konkretiseringa av forskingsspørsmålet mot etableringa av sentrale omgrep og praksisar ligg til rettes for ei omgrepsarkeologisk tilnærming i delstudie I. Ei slik tilnærming er tilgjengeleg i form av diskursanalyse, som først vart utvikla for studiar av lingvistisk materiale og fokuserer på språket si rolle i den sosiale konstruksjonen av verda (Jørgensen & Phillips, 1999, s. 12).

Diskursanalysen gjer det mogleg å sjå kvifor fartøyvernet i einskilde samanhengar framstår som ein del av kystkulturen og i andre samanhengar som ein eigen diskurs, og kvifor kystkultur og fartøyvern vert møtt på så ulike måtar av kulturminnevernet sine andre del-diskursar. Dei «verdiane» kystkulturen søkjer anerkjenning for kan også fritt nyttast av dei andre diskursane innan kulturminnevernet. Ved å syne til at det er viktig å verne om kystkulturen kan andre delar av kulturminnevernet hente ekstra argument til støtte for vern av t.d. historiske bygg, kulturlandskap og arke-ologiske lokalitetar som kan seiast å ha ei maritim tilknyting. Kystkultur kan difor både inngå som ein av fleire indre diskursar i kulturminnevernet og samstundes produsere «verneverdiar» som dei andre diskursane kan nytte som støtteargument for vern av sine kulturminne. Slike lån av populære «verdiar» kan t.d. skje ved å knyte verna bygg opp mot ein status som andre grupper har kjempa fram, t.d. under merkelappar som kystkultur, kvinnekultur eller arbeidarkultur. Slik kan statusen som kystkulturen har oppnådd også vere med på å løfte andre del-diskursar, og di-for også nyttast av det samla kulturminnevernet i kampen med andre diskursar i samfunnet.

Som det kjem fram er det mogleg å sjå kulturminnediskursen som samansett av ei rekkje ganske skilde del-diskursar innanfor ei felles legitimerande ramme der dei kjempar om den interne plasseringa. Integrert i ein slik tanke ligg at diskursar kan inngå i ein slags orden, og at den relative plasseringa av dei ulike diskursane i sam-funnet kan vere med på å avgjere kva for diskurs som har fortrinnsrett til å fylle eit felles terreng med sitt innhald (Jørgensen & Phillips, 1999 s. 69–70). I analysen kan det difor vere nyttig å innføre eit skilje mellom kulturminnevernet som diskurs på samfunnsnivå i Noreg og dei ulike indre diskursane som kjempar om dei goda som vert tilgjengelege som resultat av den makta det samla kulturminnevernet oppnår i

samfunnet. Slike indre diskursar i kulturminnevernet kan konstituerast kring grup-per av kulturminne som «tilhøyrer» ulike fag, og der forvaltinga av desse kulturmin-na representerer faktiske eller symbolske karrierevegar for ulike typar aktørar inkulturmin-nan kulturfaga. Den relative «verdilegginga» av slike indre diskursar får konsekvensar for fordelinga av tilgjengelege gode i form av t.d. status og finansiering.

Men i den seinare analysen skal resultata frå delstudie I også kunne nyttast som bak-grunn for tolkinga av andre spørsmål. Forskingsspørsmåla som gjeld fartøyvernet som aktivitet i samtida (delstudie II) og dei frivillige sine eigne opplevingar (dels-tudie III) inkluderer også tilhøva mellom menneske og materielle objekt som fartøy og andre kulturminne (Olsen, 2004). Omsynet til dette krev difor ein kritisk gjen-nomgang av den diskursanalytiske tilnærminga med særleg blikk på om det også er mogleg dekkje inn ikkje-språklege tilhøve mellom menneske og materielle objekt.

Diskursanalysen

I følgje Tim Winter (2013) kan forskinga på kulturminnefeltet delast i to hovudtil-nærmingar: 1) Forsking på korleis kulturminna skal ivaretakast og 2) forsking som stiller spørsmål om kva kulturminnevernet skal omfatte og kvifor. Medan den første hovudtradisjonen dominerast av meir teknologiske og klassifiserande tilnærming-ar er den andre dominert av humanistiske og samfunnsvitskaplege tilnærmingtilnærming-ar (Winter, 2013, s. 537–540). Denne avhandlinga plasserer seg i den humanistiske tradisjonen, og vil frå dette utgangspunktet søkje å forstå utvikinga av praksisar i lys av sin historiske kontekst.

Spørsmåla i denne avhandlinga krev at eg nyttar eit breitt perspektiv som fangar inn konteksten kring utviklinga av kulturminnevernet og fartøyvernet (historia), den materielle sida av fartøyvernet (fartøya) og dei frivillige sine opplevingar og tolkingar av aktiviteten (aktørane sine opplevingar).

Det postmoderne historiesynet står sentralt i min faglege hovudbakgrunn frå nordisk etnologi. Her har konstruktivistisk erkjennings- og vitskapsteori sidan 1970-talet i aukande grad hatt innverknad på forskingsmiljøa (Löfgren, 1997; Jensen 2006 s. 144). Historiesynet som spring ut av dette er prega av ei ikkje-essensialistisk til-nærming, som gjennom si avvising av objektivitet også avvisar historiske sanning-ar. Som individ, grupper og samfunn vil vi alltid fortolke hendingar og konstruere kunnskap i lys av våre kulturelle kontekstar (Winter Jørgensen & Phillips, 2008). Fortida tek difor ofte form av forteljingar som hentar meining frå delte erfaringar (Somers, 1994). Med denne tilnærminga representerer ikkje utvalet av kulturminne ei sann fortid, men må forståast som uttrykk for verdisynet hjå dei samfunnsgrup-pene som til ei kvar tid har hatt innflyting på kulturminnevernet.

I dei historiske undersøkingane i denne avhandlinga utgjer sosial-konstruksjonis-men det sentrale teoretiske rammeverket (Burr, 2003; Gergen, 2007). Ei slik til-nærming medfører at innhaldet i omgrepa må analyserast som språklege konstruks-jonar. Slike språklege konstruksjonar vert skape og haldne ved like gjennom den språklege praksisen dei inngår i, der kampen står om kva som skal vere den gyldige tydinga av omgrepa. Med dette utgangspunktet vil også diskursanalyse være ein fruktbar metode.

Diskursanalyse høyrer til den poststrukturalistiske tilnærminga til studiet av den menneskelege verda, der dei strukturane som utsegnene våre hentar meining frå framstår som noko motsetnadsfylt og førebels. «Diskursiv kamp» er eit nøk-kelomgrep i diskursanalysen og skildrar dei ulike diskursanes kamp for å oppnå he-gemoni gjennom å freiste å fastleggje språklege tydingar på sin måte (Jørgensen & Phillips, 1999 s. 15). Eit døme på dette er innhaldet i omgrepet kulturminne, der kampen t.d. kan stå om kva for gjenstandskategoriar eller sosiale grupper dette omgrepet skal assosierast med, og difor også om kven sin kultur som er verd å min-nast. Etablerte forståingsmåtar av sentrale omgrep og symbol kan utfordrast gjen-nom å setje desse inn i nye samanheng som genererer andre assosiasjonar enn den tidlegare samanhengen. Det er m.a.o. gjennom den konkrete bruken at meining-sinnhaldet i omgrepa og symbola endrar seg (Jørgensen & Phillips, 1999 s. 20). I diskursanalysen er «sanning» difor ein konstruksjon som vert skapt, halden ved like eller endra gjennom diskursen, og dei ulike kunnskapsregima avgjer kva som skal reknast for å vere sant og falskt (Jørgensen & Phillips, 1999, s. 22). Forståingsmåtar er difor aldri fastlåste, og sosiale fenomen kan følgjeleg aldri være «ferdige» i tydinga fastlåste (Jørgensen & Phillips, 1999, s. 34).

Diskursanalysen opnar for å studere menneskeleg samhandling igjennom språket. Dette kan ta bort merksemda frå det materielle, at språket sjølv har eit materielt uttrykk, og at den materielle verda, både i form av institusjonar og materielle ob-jekt, gjer motstand når ein freistar å endre ho (Neumann, 2000 s. 28). Ei metodisk hovudutfordring vert difor å inkludere denne samanhengen mellom det språklege og det materielle i analysen, noko som krev at diskursen må forståast både som eit språkleg og materielt fenomen.

Ein modell der meiningsinnhaldet spring ut av brukssituasjonen framstår som godt egna til å forklare kulturelle endringar, som etableringa av kulturminnevernet og dei mange endringane i synet på kva denne praksisen skal omfatte som har funne stad i dei om lag 200 åra etter at han vart introdusert.

Tilhøve mellom diskursar — diskursane sin orden

For å forstå korleis kystkulturen og fartøyvernet har fått sitt noverande innhald er det ikkje nok å analysere desse fenomena kvar for seg. Tilnærminga må også ta om-syn til at dei begge inngår i ein større samanheng, der tilhøva til andre diskursar kan vere med på å setje rammer for kva posisjonar som framstår som legitime eller moglege. Den diskursanalytiske tilnærminga må difor vere i stand til å forklare det Foucault kallar diskursive formasjonar (1972), det vil seie forholdet mellom ulike diskursar som opererer på same område. Døme på diskursar på same område er diskursen om vern av arkeologiske kulturminne og diskursen om vern av fartøy. Dei inngår begge i den større diskursen om kulturminnevernet og er avhengige av denne, sjølv om aktørane i desse del-diskursane kan vere ueinige om «sine» diskur-sar sin relative status innan den større diskursen om kulturminnevernet. Kampen om relativ status innan kulturminnevernet vert ikkje berre ført internt i forvalting og fagmiljø. Dette skuldast m.a. at slik status også er kopla mot politisk aksept og føl-gjeleg kan påverkast av opinionsdanninga utanfor fagmiljøa. T.d. i form av

kultur-minnevernet sine frivillige organisasjonar som på denne måten kan få innverknad på diskursane sin relative status.

I starten av delstudie I er det et sentralt poeng å syne at kystkultur og fartøyvern kan sjåast som overlappande fenomen på ideologisk nivå, ved at dei deler ein felles forståing av det maritime sin (ideelle) plass i norsk identitet og historie. Men det er samstundes viktig å få fram at fartøyvernet og kystkulturen også er ulike. Kyst-kulturen kan «låne ut» legitimitet til dei fleste andre kategoriar kulturminne (hus, reiskap, arkeologi mm.) lags kysten ved å framstå som eit aspekt ved desse. Til sa-manlikning er fartøyvernet ein eigen kategori kulturminne som berre kan låne ut sitt materielle innhald til kystkulturen, men som dermed også kan forsyne kystkul-turen med eit materielt innhald som hindrar at kystkultur berre vert eit aspekt ved dei andre kulturminnekategoriar. Denne sameksistensen og avhengigheita mellom kystkultur og fartøyvernet er viktig for å forstå den praksisen som har oppstått på desse felta.

Kampen om den relative plasseringa av fartøya og det maritime i framstillinga av norsk identitet og historie har vore ført frå maritimt orienterte akademikarar gjen-nom heile 1900-talet (Worm-Müller, 1951 side 484). Men frå 1970-talet vart denne retorikken ein sentral del av kystkultur-rørsla sitt ideologiske grunnlag og fekk dermed også verknader for dei frivillige. Det skjedde til dømes gjennom den «un-derdog»-kjensla som er ein del av både kystkulturen og det frivillige fartøyvernet si sjølvforståing. Dette kjem til uttrykk gjennom ei rekkje variantar av utsegna om at alle stabbur vert tekne vare på medan kysten sine kulturminne ikkje får den plassen dei fortener.15

Sjølv om del-diskursane i nokre samanhengar kan oppfattast som sjølvstendige di-skursar, så er dei likevel knytte saman gjennom kulturminnevernet sin funksjon som ein felles ytre legitimerande diskurs på samfunnsnivå. Kulturminnevernets relative posisjon i samfunnet har gjennomgått store endringar som ikkje kan fork-larast ut frå skiftande tilhøve mellom posisjonane internt i kulturminnediskursen. Kulturminnevernet inneheld ikkje berre ei rekkje deldiskursar. Det samla kultur-minnevernet kan også sjåast som ein av fleire større diskursar som kjempar om den relative plasseringa på eit høgre nivå i samfunnet. T.d. har kampen om kvar grensa skal gå mellom interessene til kulturminnediskursen og diskursen om den private eigedomsretten gått føre seg i heile kulturminnevernet si historie, noko som m.a. kan avlesast gjennom utviklinga av lovverket som regulerer tilhøvet mellom desse omsyna. Dette er også ein kamp om makt, der lovverket representerer den ålmenn aksepterte grensa mellom desse diskursane.

Diskursen og det materielle

Dei verna fartøya står sentralt i dei frivillige sine vurderingar, erfaringar og handl-ingar. Som nemnt innleiingsvis er det difor naudsynt å sjå om det også er mogleg å knyte ikkje-språklege tilhøve mellom menneska og ting i den materielle verda til den diskursanalytiske tilnærminga. Dette vert særskild viktig i delstudie III, der dei frivillige sine opplevingar og erfaringar er ein sentral del av emnet.

Den poststrukturalistiske tilnærminga, som diskursanalysen tilhøyrar, er ei antro-posentrisk tilnærming som set mennesket og menneskelege ytringar i sentrum. Dette kan gje verdfull innsikt i tinga sine symbolske nivå, men er meir problematisk i arbeidet med å forstå korleis menneska byggjer relasjonar til tinga gjennom den praktiske sameksistensen der til dømes erfaringar og fortrulegheit vert til. Diskur-sanalysen vart utvikla med utgangspunkt i eit lingvistisk materiale for å analysere kampen om meiningsinnhaldet i omgrep og den symbolske sida ved tinga, noko som i andre vitskapstradisjonar har gjeve denne tilnærminga oppnamnet «den lingvis-tiske vendinga». Latour kritiserte bruken av diskursanalyse når han framstår som lausriven frå dei materielle og samfunnsmessige tilhøva (Latour, 1987). Latour, til liks med Foucault, skildrar korleis diskursar, praksisar, hjelpemiddel og institusjonar vert knytte saman i eit horisontalt nivå, og vil unngå strategiar som kan redusere diskursen til ein representasjon av idear eller samfunnstilhøve.

Den verda som produserte utsegnene var sjølvsagt også ei materiell verd med folk og gjenstandar som også hadde andre former for interaksjon enn berre skrift og tale. Dette får vi berre indirekte kjennskap til gjennom tekstane dei har etterlate oss. Men ting og tekst er ikkje det same, og fartøyvernet og kystkultur-rørsla består ik-kje berre av argument og strategiar. Kultur består også av ting, og sosiale system og menneskelege aktørar har også ei materiell side; kunnskap er meir enn berre idear (Olsen, 2004, s. 26, 28). Både menneske, dyr planter og ting deler materiell substans og ei felles verd (Ingold, 2007, s. 7). I motsetnad til Foucault lar Latour difor ikkje diskursen få forrang som analysenivå. Han ser diskursar som berre ein av fleire res-sursar som kan mobiliserast i kampen om å definere fakta. T.d. vil diskursen også kunne påverkast av det materielle, ved at den materielle sida av fartøya representere avgrensingar og moglegheiter for dei praksisane som utviklast kring dei.

Latour sitt perspektiv fjernar samstundes det problematiske skiljet mellom

Related documents